SAKEN ER LAGET AV UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

To hamsterar i draumeland. Korleis får dei det til?

Dyra sparer energi – søv vekk vinteren

Over heile jordkloden finn ein dyr og insekt som søv seg gjennom vinteren. Dei gjer det for å spare energi og vente til det vert lettare å finne mat eller vatn. Men korleis gjer dei det?

Sjå for deg at du legg deg for å sove ein gong ut på hausten. Det har begynt å verte kaldt, det vert stadig mørkare på ettermiddagane, og snart er det ikkje eit blad igjen på trea. Du kryp under dyna, lukkar auga og sovnar.

Etter det som kjennest som ein god og djup søvn, vaknar du igjen og ser ut på verda utanfor. Der er det vårstemning, sola skin og knoppane spring. Det einaste dumme er at du har mista halve kroppsvekta di.

Sprøtt, ikkje sant?

Men slik er livet for mange dyr, som til dømes hamster, piggsvin og nokre typar smågnagarar. Vi seier at dei går i dvale.

Vintersøvn

  • Du har kanskje høyrt om at bjørnar går i dvale? Men det gjer dei faktisk ikkje! Dei går inn i noko vi kallar vintersøvn, kor dei sov mykje, men og er vakne av og til.
  • Dyr som har vintersøvn vert ikkje kalde, dei er nesten like varme som vanleg.
  • Nokre dyr i vintersøvn har med seg matpakke til vintersøvnen eller går ut og finn seg mat. Då står dei av og til opp og et litt.

(Kjelde: Store norske leksikon)

Men kva er det som skjer?

– Dvalen startar eigentleg om sommaren, for dyra må ete seg ordentleg tjukke og feite før dei kan gå i dvale.

– Det kallar vi å byggje opp ein energireserve, nesten som eit batteri.

– Det feittet eller energireserven skal dei leve av mens dei søv, eller så skal det gje dei energien dei treng for å vakne opp igjen, seier Karl Frafjord.

Han er zoolog og ekspert på små pattedyr i nord, som rev og flaggermus.

– Så må dyra senke temperaturen i kroppen, puste langsamare og få skikkeleg låg puls. Då kan dvalen ta til, og mange av dyra vert ordentleg kalde, kanskje berre like over 0 grader, forklarar Frafjord.

Så, når det vert varmare i vêret, startar dei å varme seg opp, og sakte men sikkert vaknar dei.

Shona Wood med ein hamster i dvale.

– Det er utruleg

Den vesle gnagaren som passande nok heiter vanleg sjusovar kan vere i dvale i 11 månadar i strekk.

Andre dyr kan bruke dvale eller nesten-dvale for å spare energi dagleg eller om natta. Til dømes nokre artar av kolibri eller ungane til tårnseglarar.

Amfibium og insekt kan òg gå i dvale. Sniglar kan vere i dvale i tre år!

Det er ganske rart, synest Shona Wood. Ho er kronobiolog, og ho har forska masse på dvale og korleis dyra i nord taklar mørketida.

– Dyra kjøler seg ned til dei nesten frys til is, og så berre vaknar dei igjen når det er vår. Det er eigentleg utruleg, og eg vil finne ut kva i hjernane deira som gjer at dei klarar det, seier Wood.

Ligg svaret i ørsmå hjerneceller?

Wood trur at ein type celler i hjernen kalla tancyttar er med på å styre når dyr startar dvale og når dei vaknar opp igjen.

Tancyttane er pittesmå og ligg i ein del av hjernen som heiter hypotalamus. Hypotalamus styrar mykje viktig, som andedraga dine og kor varm du er, men og menneska si «indre klokke».

Den indre klokka styrer når vi vert trøytte og når vi vil vakne opp. Det kallar vi den cirkadiske rytmen.

Wood skal studere dvale i hamsterar, både fordi dei er praktiske forsøksdyr og fordi hjernane deira er ganske lik dei fleste andre pattedyr.

– Tancyttane styrer kor mykje sukker vi har i hjernane våre, og eg trur dei kan spele ei rolle for å styre forbrenning og kor mykje vi et.

– Det vil seie at dei òg er med på å styre kor mykje energi vi brukar. Og då trur eg dei er med på å bestemme at «no skal vi spare energi, og gå i dvale», seier ho.

Eit hamsterbilete til, berre fordi dei er så søte.

Hamsters in space?

Shona trur vi kan lære mykje om korleis menneskehjernen verker av hamsterforsøka hennar. Det kan vere nyttig for dei som jobbar med overvekt om ho til dømes finn ut korleis hjernen styrer kor ofte eller kva vi et.

Men det ho forskar på kan kanskje òg verte viktig for romferder i framtida! Ho forklarar korfor:

– Om vi skal sende menneske til andre planetar eller stjerner som ligg langt, langt borte, så tar det utruleg lang tid å reise dit. Mange år.

– Og om nokon skal på slike lange romferder i framtida, må vi kanskje leggje dei i ei form for dvale, så kan dei spare energi. Og så slepp dei å kjede seg så grueleg, seier Wood.

Akkurat som på film.

Om artikkelen:

Artikkelen er laget av UiT Norges arktiske universitet. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Powered by Labrador CMS