18. desember: Me lager ein roterande flamme
JULEKALENDER: Inge og Magne leiker med flammer bak luke 18.
Utstyr:
- Ei 1,5 liters plastflaske
- Ein porselenskopp
- Raudsprit eller metanol
- Kjemikalium som brenn med farga flamme
Kva skjer?
Skjær plastflaska på langs, slik at ho kan stå fritt med litt opning mellom halvdelane. Fyll så litt brennbar væske i ei lita porselensskål som er plassert mellom halvdelane. Når væska vert sett fyr på, og flaskene skyv litt på seg slik at luft kan trekkast inn mellom dei, vil flammen rotere!
Me brukte raudsprit og koparsulfat, som brenn med ein stilig grøn flamme.