16. desember: Kva gøy kan skje med smelta stearin i kald cola?
JULEKALENDER: Det smeller bak luka i dag.
Utstyr:
- Brus (den må vere iskald)
- Stearin
- Reagensrøyr
- Gassbrennar
Kva skjer:
Me smelta stearin frå eit kvart telys ned i eit reagensrøyr over gassflamme og let voksen koke slik at den blei så varm som mogleg. Den iskalde colaen tømte me i eit begerglas. Så skunda vi oss å sette reagensrøyret på skrå ned i den kalde brusen.
Botnen på det varme reagensglaset sprakk med ein gong i den kalde brusen. Dette utløyste karbondioksidgassen i colaen, som igjen førte til at den varme stearinen blei slynga ut av reagensglaset. Dette fekk stearinen til å sjølvtenne av oksygengassen i lufta, og brenne med ein enorm flamme!