Inngun og Mari speler på bananer.

Julekalender luke 4:
Musikalske bananar

Korleis er det mogleg å bruke bananar som musikkinstrument?

Publisert

Her kan du se videoen på YouTube.

Hele julekalenderen finner du her.

I denne episoden viser Ingunn W. Jolma og Mari Mæland Nilsen korleis ein kan lage musikk ved å spele på bananar.

Ingunn er instituttleiar på institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, mens Mari er tilsett på skulelaboratoriet i realfag.

Kva skjer:

I dette eksperimentet brukte vi bananar som tangentar i eit elektrisk instrument.

Vi kunne her ha brukt eit kva som helst materiale som har evna til å leie elektrisk straum, for eksempel sitronar, potetar eller aluminiumsfolie.

For å få lyd i «bananinstrumentet», må dei elektriske komponentane (bananar og kretskort) vere kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar (krokodilleklemmer).

I tillegg må den som speler på instrumentet vere kopla til bananane ved hjelp av ei krokodilleklemme. Når denne personen så slår med ein finger på ein av bananane, vil den elektriske krinsen bli lukka og instrumentet vil lage lyd.

Dersom personen ikkje er kopla til den elektriske krinsen, vil instrumentet ikkje lage lyd.

Utstyr vi brukte i dette eksperimentet kan du få kjøpt på internett.

Om artikkelen:

Julekalenderen er laget av Universitetet i Stavanger. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Powered by Labrador CMS