5. desember: Me testar kor ein finn balansepunktet!
JULEKALENDER: I dag eksperimenterer Inge og Magne med balansen.
Utstyr:
- Ei skei og ein gaffel
- Eit glas
- Ei fyrstikk
Kva skjer:
Stikk gaffelen innpå skeia for å hekta dei saman. Tre fyrstikka inn i gaffelen, slik at fyrstikka stikk ut mellom tennene på gaffelen.
Forsøk å henge den opp på kanten av glaset slik at gaffelen og skeia heng på utsida. Du bør vere stødig på handa for å få dei til å balansere på kanten.
Det ser heilt sprøtt ut!
Forklaringa er at tyngdepunktet no er lågare og rett under opphengingspunktet.