Julekalender luke 6:
Naturens magiske lys
Inge og Magne lager samme lys som hos eldfluer.
Her kan du se videoen på YouTube.
Hele julekalenderen finner du her.
Bioluminscens er eit fenomen som vi kan observere i naturen; i moreld og eldfluer. I denne episoden prøver Inge og Magne å lage det.
Du treng:
- 1 gram luminol, (C8H7N3O2)
- 10 ml hydrogenperoksid, H2O2, 3%
- 20 ml natriumhydroksid, NaOH (1M)
- 0,2 gram kaliumferrocyanid
- Ein gummislange
- Trakt
- Eit stativ og klemmer
- To begerglas
Kva skjer:
Rett før du utfører forsøket må du må lage to blandingar i kvart sitt begerglas:
A. Mål opp 100 ml vatn. Tilsett 0,18 gram luminol og 3 ml NAOH
B. Mål opp 100 ml vatn. Tilsett 1 ml H2O2 (3%) og 0,03 gram kaliumferrocyanid.
Sett opp stativet som biletet til høgre viser.
Slå av lyset i rommet. Hell begge løysingane i trakta samtidig, då ser du at det dannar seg eit blåleg lys som held seg ei stund.
Slike reaksjonar som dannar lys utan oppvarming blir kalla kjemoluminiscens Denne reaksjonen er ein red-oks-reaksjon, der eit foton blir frigjort frå eit eksitert molekyl.
Luminol blir oksidert av hydrogenperoksidet, og elektrona blir eksitert. Når dei går tilbake til det normale nivået sitt, gir det frå seg det blålege lyset.