Julekalender luke 1:
Heimelaga stjerneskot
Bak den første luka i årets kjemi-julekalender prøver Inge og Magne å lage stjerneskot!
Her kan du se videoen på YouTube.
Hele julekalenderen finner du her.
For å gjøre som Inge og Magne treng du eit laboratorium og hjelp av en vaksen!
Du treng også:
- Eit stearinlys eller ein gassbrennar.
- Jarnstøv, såkalla jarnfilspon.
- Forskjellige saltar. Vi brukte strontiumklorid, kaliumklorid og natriumklorid.
- Eit heimelaga stjerneskotpulver som består av:
10 gram svovelpulver, 50 grame kaliumnitrat, 15 gram kolstøv, og 20 gram jarnstøv. Vi blanda pulveret godt saman.
Kva skjer:
Fyrst drysset vi jarnstøv over gassflammen. Då såg vi at jarnstøvet tok fyr som små gnistrar. Deretter drysset vi det heimelaga stjerneskotpulveret over flammen. Det gnistra som eit stjerneskot, mykje betre enn berre jarnstøvet.
Så prøvde vi dei forskjellige salta. Dei brann med ulik farge; strontiumklorid med raud flamme, natriumklorid med gul flamme og kaliumklorid med oransje flamme.
Dersom du vil lage ditt eige stjerneskot til nyttårsaftan kan du blande eit bindemiddel i stjerneskotpulveret, til dømes skjellakk løyst i sprit. Rør det sammen til en klissete deig, smør litt øverst på en ståltråd og la det tørke.
Lukke til!