Sjå videoen for forsøket Inge og Magne gjer i dag.
2. desember: Brennande såpeskum
JULEKALENDER: Såpeskummet brenn med ei lystig flamme utan at du kjenner noko ubehag!
Utstyr:
- Ei glasskål
- Vatn
- Oppvasksåpe
- Lightergass
Kva skjer:
Fyll skåla med vatn. Hell oppi litt oppvasksåpe. Rør litt slik at såpa vert jamt fordelt i vatnet. Ta lightergassflaska og fyll gass ned i vatnet til det skummar.
Ta handa nedi skummet slik at den blir full av skumbobler. Set fyr på skummet. Det brenn med ei lystig flamme utan at du kjenner noko ubehag!
Det er gassen inni såpeboblene som brenn, og vatnet i løysinga hindrar at du blir brent! Dermed beskyttar vatnet deg frå flammene, og du kan halde på elden utan å bli skada!
Om forsøkene
Dette er eit forsøk som berre kan gjerast i laboratoriet. Eksperiment må alltid følgje sikkerheitsreglene som gjeld for laboratorie-forsøk.
Forsøka er gjort av Inge Christ og Magne Sydnes. Inge er avdelingsleiar ved Skolelaboratoriet på Universitetet i Stavanger og Magne er professor i kjemi.
