Julekalender luke 5:
Magnetisk kulebanekanon
Eirik og Markus viser korleis du kan lage ein magnetisk kanon.
Her kan du se videoen på YouTube.
Hele julekalenderen finner du her.
Du treng:
- Fem stålkuler.
- Neodymmagnetar.
- Ei kulebane eller ei renne som passar til kulene.
Kva skjer:
Mang kjenner sikkert til Newtons krubbe, altså eit apparat der like kuler heng i like lange snorer etter kvarandre på ei rett linje, heilt inntil kvarandre. Dreg du ut ei kule på den eine sida, og slepp den, vil den støyte ut ei kule i andre enden. Dreg du ut to kular, og slepp, vil dei støyte ut to kuler i andre enden.
I dette eksperimentet lekte vi oss med ei enkel kulebane, men for å forsterke støytt brukte vi to neodymmagnetar. Vi la fire av stålkulene nedst i kulebana og plasserte neodymmagnetane bakerst på kulene. Kulene blir då magnetiske. Vi plasserte så den siste kulen øvst i bana og lét den trille nedover mot dei andre kulene. Legg merkje til kva som skjer!
Kulen vil støyte ut den nedste kulen med overraskande stor kraft. Det skuldast at neodymmagnetane trekkjer den enkle kulen til seg slik at den akselererer. Dette gir den ekstra kraft, slik at støytt blir mykje kraftigare enn det ville blitt utan magnetane.