10. desember: Pytagoras sin kopp er ein ekte sølekopp

JULEKALENDER: Bak luke 10 finner du ein sølekopp.

Du treng:

  • Eit drikkebeger i plast eller papp
  • Eit sugerøyr som kan bøyast
  • Ein limpistol og ei saks

Me brukte ein loddebolt til å lage eit rundt hol i botnen av koppen, men du kan lage holet enten med ei lita saks eller ein kniv.

Kva skjer:

Me klipte sugerøyret slik at den eine enden var litt lengre enn den andre. Så limte me saman sugerøyret slik at begge endane var nær kvarandre. Den lengste enden av sugerøyret stakk me i holet i botnen av koppen, før me tetta holet med ein limpistol.

Fyll vatn i koppen og sjå kva som skjer!

Så lenge vatnet er under staden der sugerøret er bøygd fungerer koppen som en vanleg kopp. Så snart nivået på vatnet kjem opp til «svingen» på sugerøyret, renn vatnet over kanten og ut gjennom holet i botnen.

Sidan me har sørga for at utløpet er litt lågare enn inntaket inne i koppen, vil tyngda av vatnet inne i sugerøyret trekke med seg resten av vatnet slik at koppen vert tømt.

Vasstraumen vil stoppe først når koppen er tom eller det kjem luft inn i sugerøyret. Dette er det same som hevert-prinsippet.

Om forsøka:

Dette er eit forsøk som berre kan gjerast i laboratoriet. Eksperiment må alltid følgje sikkerheitsreglene som gjeld for laboratorie-forsøk.

Det er Inge Christ og Magne Sydnes som gjer forsøka. Inge er avdelingsleiar ved Skolelaboratoriet på Universitetet i Stavanger og Magne er professor i kjemi.

Med eit sugerøyr og ein kopp kan du lage dette eksperimentet.

Hei leser!

Jeg er redaktør av UNG.forskning.no.

Hos oss jobber vi under det som heter Redaktørplakaten. Det betyr at vi følger medias regler og det er redaktøren som bestemmer hva som blir publisert.

På UNG.forskning.no finner du for det meste artikler og videoer som er laget av journalistene i forskning.no. Sakene er det vi kaller redaksjonelt uavhengige. Det betyr at vi jobber kildekritisk og bare for dere som er lesere – og ikke for forskere og andre som bestemmer.

Vi har også en annen type saker, som den saken du har lest nå. Den er laget og betalt av en av eierne våre, som er universiteter, høgskoler og andre som driver som med forskning. Disse sakene er ikke uavhengige, men viser fram god og viktig forskning. Vi merker sakene fra eierne med denne faktaboksen og der hvor det står hvem som har skrevet artikkelen.

Lurer du på ting om redaktøransvar og hvordan vi jobber, bare ta kontakt - nina@forskning.no

Hilsen Nina Kristiansen

Powered by Labrador CMS