I dag er omkring 65 prosent av alle medisinar henta frå naturen. Dei aller, aller fleste kjem frå livet på landjorda, mens berre 1 prosent, altså omkring 20 medisinar, kjem frå stoff me har funne i havet.

Jaktar på medisinar i havet

Neste gong du tek ein tablett, kan medisinen i han stamme frå ei havsnigel eller eit pittelite krepsdyr frå Arktis. Det håpar i alle fall forskarar.

Funna til Jeanette Hammer Andersen gjekk verda rundt i 2019. Saman med kollegaer hadde ho funne eit molekyl i eit lite havdyr utafor Bjørnøya.

Dette molekylet viste seg å kunne drepe brystkreftceller. Men korleis finn ein kreftdrepande molekyl i små, arktiske havdyr? Og korleis hamnar det i medisinen på apoteket?

– På mange måtar driv me med gjetting, seier Andersen.

Klara Stensvåg vert veldig interessert når hun ser eit «reint» dyr i havet. – Kva er det som held bakteriar og skit unna dette dyret?

Jaktar «reine» dyr i havet

Andersen er ein av fleire som jobbar for å finne nye medisinar mot kreft i hava mot nord. På same måte som i menneska sine tidlegaste år, leitar ho i naturen for å få hjelp mot sjukdommar, virus, sopp og bakteriar. Men der ein dei siste hundre tusena av år leita blant blomar og plantar på landjorda, leitar ho i havet.

Ein annan medisin-jeger, Klara Stensvåg, forklarar at dei leitar på tokt i hava rundt Noreg, og brukar anten dykkarar som tek video av det dei ser eller fjernstyrte mini-ubåtar (ROV) som kan gå ned til større djup. Ofte veit dei kva slags dyr og plantar dei er interesserte i, men av og til kan dei tilfeldigvis oppdage noko interessant som dei kan samle inn med spesielle fiskereiskap.

– Om me er i eit område kor det til dømes er mykje mudder, og eg ser ein organisme som er mykje reinare enn omgjevnadane, då vert eg interessert. Kva er det som gjer at den kan halde algar, bakteriar og skit unna, spør ho.

Stensvåg jobbar med å finne nye antibiotikum, ein jakt som er uhyre viktig. Verdas helseorganisasjon trur at i 2050 vil 10 millionar menneske døy kvart år på grunn av bakteriar me ikkje har medisin mot, såkalla antibiotikaresistente bakteriar.

Jeanette Hammer Andersen viser fram havdyret med molekylet som kan stoppe brystkreft.

Mosar kryp og heller dei på kreftceller

Når medisin-jegerane kjem heim til laboratoriet med interessante organismar, startar eit ordentleg detektivarbeid. Først mosar dei organismen ned til dei minste partiklane, og lagar ei blanding av han. Så testar dei blandinga på kreftceller eller bakteriar, og ser om noko skjer. Er det nokre av kreftcellene som sluttar å vekse? Døyr nokre av bakteriane? Om dei ser ein reaksjon, jobbar dei vidare med blandinga for å betre skilje ut dei enkelte delane. Så testar dei igjen, og om dei framleis ser god effekt, gjer dei blandinga endå tynnare. Slik testar og tynnar dei ut blandinga igjen og igjen, til dei trur dei veit kva for stoff som har den effekten dei jaktar på.

– Og det er då det vert ordentleg spennande, seier Andersen.

– Då må me få det reint nok for å undersøkje det grundig, og finne den kjemiske strukturen, altså korleis det ser ut. Og så testar me det, først mot dei vanlegaste krefttypane brystkreft, tjukktarmskreft og hudkreft. Men me testar så bredt som mogleg, til dømes mot beinkreft, for å verkeleg kunne svare på kva det er verdifullt for, seier ho.

Å lage medisin tek tiår

Om dei finn noko som verkar, startar ein lang prosess for å kunne lage ein medisin. Stensvåg forklarar at dei ofte jobbar vidare saman med kjemikarar for å gjere stoffet betre. Til dømes kan det vere berre ein liten del av eit stoff ein treng. Om ein kan kopiere den delen over til eit mindre molekyl gjer det ofte stoffet betre egna som medisin. Ein må òg sjekke at stoffet ikkje er skadeleg for friske celler eller gjer for sterke biverknadar.

Når ein lagar medisinar må ein òg finne ut korleis ein skal få stoffet inn i kroppen og fram til der det skal verke. Om det til dømes skal vere i ein tablett, må ein finne ut korleis stoffet kan overleve gjennom magen og verte teke opp i blodet i tjukktarmen. Og så må stoffet òg finne rett stad å verke inni kroppen. Kanskje vil stoffet frå havet ikkje vere godt nok, og då må ein prøve å endre det litt så det både kjem fram og verkar slik det skal.

Slik testing tek lang, lang tid og må gjerast i samarbeid med firma som lagar medisinar. Ofte kan det ta over 20 år frå noko er oppdaga til det kjem på apoteket. Molekylet som kan verke mot brystkreft fann Andersen i 2011, men det er enno ein lang veg å gå før det vert ein ferdig medisin.

Forskarar sorterer organismer ombord på forskingsskipet Kronprins Haakon.

Naturen er best

Men korfor treng me å jakte i hava, kan me ikkje berre finne på nokre stoff sjølv og teste dei? Det er jo mykje enklare og billegare enn å reise langt ut på havet og leite på lykke og fromme, vel?

– Det trudde ein lenge at ein kunne. Men det viste seg at naturen, som har brukt millionar av år med evolusjon, er mykje meir kreativ enn oss, seier Stensvåg.

I dag er omkring 65 prosent av alle medisinar henta frå naturen. Dei aller, aller fleste kjem frå livet på landjorda, mens berre 1 prosent, altså omkring 20 medisinar, kjem frå stoff me har funne i havet. Kanskje ligger løysninga på kreftgåta eller antibiotikaresistens der ute i det arktiske djupet.

– Me har så vidt begynt, seier Andersen.

– Me har kanskje undersøkt omkring 800 organismar, og det er kanskje titusenvis millionar av ulike små dyr, plantar og mikroorganismar me enno ikkje har begynt å studere. Så me må ta tida til hjelp og få fleire hovud og hender til å leite, seier ho.

Om artikkelen:

Artikkelen er laget av UiT Norges arktiske universitet. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Powered by Labrador CMS