Det er fleire planter i verda som kan lage indigofargen, men i forhistoria i Europa farga dei blått med vaid.
Det er fleire planter i verda som kan lage indigofargen, men i forhistoria i Europa farga dei blått med vaid.

Julekalender luke 2:
Blåfarging av tekstilar

Inge og Magne lager blåfarge!

Her kan du se videoen på YouTube.

I forhistorisk tid brukte ein plantar og insekt til å farge tekstilar med. Dei fleste plantene gir gule og brunlege nyansar.

Raudt og blått er dei mest sjeldne fargestoffa, og raudt og blått var derfor dei mest eksklusive fargane som kongar, keisarar og herskarar kledde seg i.

Blått av vaid (Isatis tinctoria). Namnet Tinctoria kjem av det latinske ordet tingo som betyr farge.

Vaidplanta kjem opphavleg frå Midtausten og har truleg spreidd seg gjennom Europa som kulturplante. Vi har nokre få spreidde førekomstar i Noreg der den veks vilt.

Det er fleire planter i verda som kan lage indigofargen, men i forhistoria i Europa farga dei blått med vaid.

Blåfargen keltarane brukte til å male og tatovere seg med fekk dei også frå vaid.

Det er funne blåfarga tekstilar frå eldre jarnalder i Skandinavia og det er også funne frø av vaid i Osebergskipet.

Planta inneheld indoksyl og isatan som kan bli til indigo gjennom prosessering.

Fyrste året dannar planta eit tett bladrosett, andre året set den ein blomsterstengel med frø.

Det er blada av fyrsteårsplanten ein fargar med.

Du treng:

- Blad av vaid

- Kniv eller saks

- Litermål

- Spann

- Sil

- Lut (oskelut)

- Varmt vatn

Kva skjer:

Blada blir hakka og lagde i eit spann.

Hell over kokande vatn (må vere blautt vatn/regnvatn) og sett på lokk.

Hell av vatnet etter 30-40 min.

Sil godt slik at det ikkje følgjer med planterestar.

Tilsett oskelut (ph.=9), vatnet blir mørkegrønt.

Pisk inn oksygen.

Då blir det til indigo, vi ser at det skummar blått.

Herifrå kan ein farge direkte, eller setje løysinga til felling slik at ein kan samle indigopulver til seinare fargingar.

Farging:

For å kunne farge med indigoen, må den reduserast til indigokvitt. Då må ein fjerne oksygenet.

Det kan skje gjennom gjæring som bruker oksygen.

I forhistoria brukte ein urin som hadde stått lunt fleire dagar og som ein heller frå botnfall (klara urin).

Urin som blir gjæra, reduserer indigo og frigjer ammoniakk som trengst for å få reduksjonsprosessen til å gå.

Ein treng 3 liter urin per 100 gram ull/garn som skal fargast.

Om artikkelen:

Julekalenderen er laget av Universitetet i Stavanger. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Kjemiske reduksjonsmiddel er natriumdithionitt (Na2S2O4) eller thiourea dioksid (CH4N2O2S).

Ved redusering i urin, må fargebadet stå i fleire dagar. Eit kjemisk reduksjonsmiddel reduserer derimot indigo i løpet av kort tid.

Når fargebadet blir klart og gulaktig, kan vi leggje oppi det gjennomblaute garnet (det må ikkje vere oksygen i det).

Etter ei tid i badet tek vi garnet opp. Indigokvitt er ustabilt og bind seg til oksygen.

På den måten blir det indigo, og garnet blir blått. Dette er ein vaske- og lysekte farge!

Powered by Labrador CMS