artikkel fra vestlandsforsking

Lofoten har spisse fjell som ser ut som dei stig rett opp av havet. Kvar vinter kjem det mange frå Norge og utlandet for å stå på ski ned desse fjellsidene.

Sjå kor mange dagar det kjem til å snø om 30 år

Når dei som er barn i dag blir vaksne, kjem det til å snø sjeldnare enn no. Forskarar har rekna ut kor mange dagar det kjem til å snø der folk likar å gå på ski.

Vinteren blir kortare i Norge fordi klimaet vårt blir varmare. For alle som likar snø, betyr det at det blir litt vanskelegare å finne område der du kan gå eller stå på ski når du vil.

Skiområde som ligg langt inne i landet eller høgt oppe, vil ha ganske mykje snø. Men skiområde som ligg nær kysten eller havet får mindre snø. Det blir òg mindre snø i skibakkar som ikkje ligg på fjellet.

– Dei som har lite, vil merke endringane mest, seier Hanne Heiberg. Ho forskar på korleis klimaet vårt blir i framtida og jobbar på Meteorologisk institutt. I eit forskingsprosjekt undersøkte ho kor mange dagar det kjem til å komme snø, sludd og regn i område der mange likar å gå på ski.

– Under halvparten så mange snødagar

Eitt av områda ho såg på var Lofoten i Nordland, som har spisse fjell som ser ut som dei stig rett opp av havet. Kvar vinter kjem det mange frå Norge og utlandet for å stå på ski ned desse fjellsidene.

Hanne Heiberg fan ut at om 20-30 år vil det berre snø på fjelltoppane i Lofoten mellom 20 og 30 dagar i året. Dette kallar vêrmeldinga «snøfall». Slik det var frå 1970-1990-talet, hadde Lofoten 75 dagar i året med snøfall.

– Det betyr at fjelltoppane i Lofoten får under halvparten så mange snødagar som då, seier Hanne Heiberg.

Sidan vinteren og landskapet er ulik i forskjellige delar av Norge, vil det ikkje bli likt alle plassar. Enkelte plassar vil ikkje folk merke så stor forskjell frå no til 2050, som er midten av hundreåret vårt.

Forskar Hanne Heiberg har undersøkt kor mykje snø, sludd og regn dei neste tiåra vil bringe.

Kanskje berre 30 dagar med snø

Men tenk deg at vi tek ei tidsreise til slutten av hundreåret vårt, til år 2100. Viss vi flyr over Norge ein dag på vinteren i 2100, vil det neppe vere kvitt overalt. Kanskje ser vi mest mørke fargar, mens fjell, vidder og tindar er kvite. Det kjem sjølvsagt an på kva for ein dag vi vel, for det vil ikkje vere heilt slutt på vinter og snø – det blir berre sjeldnare.

Kor mykje snø vi får når dei som er barn i 2023 er blitt vaksne, kjem an på kor flinke vi, politikarar og leiarar er til å sleppe ut mindre CO2.

Viss vi er veldig dårlege til å kutte utsleppa av klimagassar, trur forskarane at det kan bli vanleg at det snør berre 30 dagar på ein vinter, og at det berre er høgfjellet som får ein skikkeleg vinter. Dette er lenge til, så det er veldig usikkert. Når dette skjer, vil dei som er barn i dag, vere veldig gamle.

– Viss vi er flinke til å kutte klimagassar, vil det ha mykje å seie for korleis vinteren blir i den siste halvdelen av hundreåret, seier Hanne Heiberg.

Klimaforskar Halvor Dannevik synst det er litt trist at det blir mindre snø og is.

– Trist at det blir mindre snø og is

Halvor Dannevig er ein annan klimaforskar. På fritida tek han folk med på fjellet og breen. Han seier at han og andre som går mykje i fjellet har merka store endringar,

Han synst det er litt trist at det blir mindre snø og is og at fjellet ser mørkare ut fordi det ikkje er dekka av snø.

Han fortel at han er blitt meir opptatt av at dei som jobbar med fjellturar skal snakke om at klimaet endrar seg slik at folk hugsar på kor viktig det er å leve på ein måte som er betre for klimaet.

Vil du sjå kor mange dagar med snø, sludd og regn som blir vanleg i skiområde om 30 år? Her kan du prøve den nye tenesta forskarane har laga.

Om artikkelen:

Artikkelen er laget av Vestlandsforsking. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Powered by Labrador CMS