Egget havner i glaset om du slår på plata.

Luke 7:
Eggetrikset

Klarer du å slå eit rått egg ned i eit glas med vatn utan at det knuser?

Her kan du se videoen på YouTube.

Hele julekalenderen finner du her.

I denne episoden viser Ingunn W. Jolma og Mari Mæland Nilsen korleis ein kan slå eit rått egg ned i eit glas med vatn utan at det knuser.

Du treng:

  • Eitt eller fleire rå egg
  • Eitt eller fleire glas med vatn
  • Ein eller fleire tomme doruller
  • Ei papp- eller metallplate
  • Og ja - kanskje du treng noko å tørke sølet med…

Kva skjer:

Fyll glaset trefjerdedels med vatn. Plasser papp-plata på toppen av glaset. Plasser deretter dorullen i vertikal retning på plata. NB! Pass på at dorullen er plassert rett over glaset. Plasser så egget forsiktig på toppen av dorulla.

Forklar publikummet ditt at du no skal få egget til å falle ned i glaset med vatn utan at egget knuser, og at du berre har lov til å røre plata. Slå hardt og raskt på kanten av plata med flat hand og sjå kva som skjer.

Visste du at:

Dette eksperimentet demonstrerer Newtons fyrste bevegelseslov som seier at ein lekam forblir i ro eller fortset i ei rettlinja rørsle med konstant fart dersom inga kraft verkar på lekamen eller dersom summen av krefter er lik null? Sidan egget ligg i ro på dorullane, ynskjer det eigentleg å liggje i ro vidare. Men når du slår bort platta frå glaset og samtidig veltar dorulla, vil stønaden til egget forsvinne. Tyngdekrafta vil då dra egget ned mot jorda si overflate og egget eller eggja hamner i vassglasa (dersom du har plassert dorulla riktig).

Du kan prøve dette eksperimentet ved å byte ut dorull med ein tørkerull? Eller setje mange doruller oppå kvarandre? Kor mange klarer du? Kan du bruke annan stønad for egget? Fungerer det med eit anna objekt enn eit egg på toppen av dorulla? For eksempel ein sprettball? Du også kan prøve med fleire egg og fleire glas ved sida av kvarandre.

Om artikkelen:

Julekalenderen er laget av Universitetet i Stavanger. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Powered by Labrador CMS