Magne og Inge leita i ei gruve og fann fleire kvartsbit med «gull» i.

Julekalender luke 3:
Er det gull alt som glimrar?

Magne og Inge har leita etter gull, men fann noko anna.

Publisert

Her kan du se videoen på YouTube.

Hele julekalenderen finner du her.

Gull finst i små mengder over store delar av Noreg, og kan finnast i både fast fjell, der det opptrer saman med blant anna kvite kvartsårer og mineral som massingfarga svovelkis og gul kobberkis, og i løyse massar som sand og grus i gamle elveleie.

Vi har gjesta gullgruvene på Løkling på Bømlo fleire gonger utan å ha funnet noko av interesse. Det er rart å førestille seg at Løkling var herja av gullfeber på slutten av 1800-talet og at det var 400-500 menn i arbeid i gullgruvene på det travlaste. Dei tok ut omtrent 250 kg reint gull før dei gjekk konkurs i 1912.

Fordi vi aldri har funne noko av interesse i Løkling, bestemde vi oss for å heller leggje turen til Haugesundsgruven i år. Etter å ha lett litt i lausmassane fann vi fleire kvartsbit med «gull» i. Desse bitane tok vi med tilbake til UiS, der blei dei analyserte ved hjelp av eit sveipelektronmikroskop (SEM, eng. Scanning Electron Microscope).

Dette mikroskopet sveiper ei stråle av elektron (i staden for lys) fram og tilbake over prøven, og gir eit utruleg skarpt bilete. I tillegg har mikroskopet utstyr for kjemisk analyse. Elektrona (som blir sveipte over prøven) vil få atoma som prøven består av til å sende ut røntgenstrålar, og desse røntgenstrålane er forskjellige frå grunnstoff til grunnstoff. På den måten kan vi finne ut kva grunnstoff prøven består av.

Analysen av bitane våre viste at «gullet» bestod av svovel (S, atom nr. 16) og jarn (Fe, atom nr. 26). Vi hadde altså funne svovelkis (FeS2) og ikkje gull. Men det var ein spanande tur likevel!

Om artikkelen:

Julekalenderen er laget av Universitetet i Stavanger. På universiteter, høgskoler og andre steder de driver med forskning jobber kommunikasjonsfolk med å gjøre forskningen kjent. Det skjer gjennom tips til aviser og tv, bidrag på sosiale medier eller gjennom å lage artikler som denne.

Powered by Labrador CMS