11. desember: Korleis oppfører tørris seg på ei metallflate?
JULEKALENDER: Inge og Magne gjer eit superkaldt eksperiment i dag.
Utstyr:
- Tørris
- Metallplate
Kva skjer:
Tørris som held ein temperatur på -78 grader Celcius går over frå fast stoff til gass – sublimerer – utan å smelte. Når den kalde tørrisen ligg på det varme bordet, skjer sublimasjonen raskt, og gassen som bygger seg opp mellom klumpen og bordet strøymer raskt ut, slik at tørrisen nærast svever over bordet, tilnærma utan friksjon.
Dersom du legg tørrisklumpen på ei metallplate, vil den gi frå seg eit skrik. Det er straumen av gass som gir lyden vi kallar tørrisskriket.