Forsøka er gjort av Inge Christ og Magne Sydnes.
4. desember: Foucaults røyr: Kvifor fell magneten så langsamt i eit metallrøyr?
JULEKALENDER: I dag lar Inge og Magne magnetar falle.
Utstyr:
- Eit røyr av koppar eller aluminium
- Ein sterk magnet (neodym magnet)
Kva skjer?
Hald røyret loddrett. Slepp magneten ned i røyret. Då vil du merke at magneten fell veldig langsamt gjennom røyret.
Rundt alle magnetar er det eit magnetfelt som går mellom polane. Dette magnetfeltet vert pressa saman av røyret, slik at magnetfeltet bremser fallet.
Dersom du har ein gjenstand med sånn nokolunde same vekt som magneten, kan du samanlikne kor forskjellig fall-tida blir.
Om forsøka
Dette er eit forsøk som berre kan gjerast i laboratoriet. Eksperiment må alltid følgje sikkerheitsreglene som gjeld for laboratorie-forsøk.
Det er Inge Christ og Magne Sydnes som gjer forsøka. Inge er avdelingsleiar ved Skolelaboratoriet på Universitetet i Stavanger og Magne er professor i kjemi.
