24. desember: Elektrolyse

JULEKALENDER: Lær om elektrolyse bak luke 24.

Utstyr:

  • Eit glas
  • Koparsulfat
  • Elektrodar
  • Leidningar
  • Straumkjelde

Kva skjer?

Kople saman heile kretsen med elektrodane i koparsulfatløysinga. Når straumkjelda vert kopla på, vil det oppstå gassbobler ved elektrodane.

Elektrolyse er det som hender når me sender elektrisk straum gjennom ein elektrolytt. Dei kjemiske reaksjonane i elektrolytten oppstår alltid ved elektrodane. Nokre gonger kan vi sjå at det blir danna gassbobler der, andre gonger kan det bli utfelt eit metall.

Under elektrolysen vandrar dei positive og negative iona i elektrolytten kvar sin veg. Når dei positive iona kjem fram til den negative elektroden, mottar dei elektrona frå elektroden. Når dei negative iona kjem fram til den positive elektroden, gjer dei frå seg elektrona til elektroden. I resten av straumkretsen, gjennom elektrodane og leidningane, er det elektrona som strøymer.

Om forsøka:

Dette er eit forsøk som berre kan gjerast i laboratoriet. Eksperiment må alltid følgje sikkerheitsreglene som gjeld for laboratorie-forsøk.

Det er Inge Christ og Magne Sydnes som gjer forsøka. Inge er avdelingsleiar ved Skolelaboratoriet på Universitetet i Stavanger og Magne er professor i kjemi.

Powered by Labrador CMS