21. desember: Vindmølle
JULEKALENDER: Inge og Magne har ei vindmølle, ei lyspære og ein lauvblåser bak luke 20.
Utstyr:
- Ein vindmøllemodell med generator
- Leidningar
- Lysdiodar eller lyspærer
- Lauvblåsar
Kva skjer:
Me monterte vindmølla fast til bordet og kopla leidningar til ei lyspære. Me nytta ein kraftig lauvblåsar for å få fart på vindmølla. Me måtte justere retninga på vindmølla for å få størst mogeleg effekt.
Ein generator er i prinsippet det same som ein dynamo. Den omdannar mekanisk energi til elektrisk energi ved hjelp av elektromagnetisk induksjon. Rotorblada er kopla til ein magnetisk jernkjerne som roterer i ein koparspole. Når denne roterer fort rundt, genererer den likestraum som er kopla til ei lyspære.
I alle vindmøller er det montert eit gir, i prinsippet tannhjul av ulik størrelse, for å kunne utnytte ulik vindstyrke effektivt.