Denne artikkelen ER LAGET av Universitetet i Agder - les mer.
Slik kan du ta vare på flaggermusene
Men kvar drar dei om vintaren?
Då zoolog Roar Solheim opna den første av fleire flaggermuskasser på Campus Kristiansand i slutten september, så han seks små dvergflaggermus sitte tett i tett under taket.
Der hang dei og kvilte, slik dei gjer på dagtid, antakeleg etter ei natt på jakt. Éi enkelt flaggermus kan fange fleire tusen insekt i løpet av natta.
– Eg blei veldig glad for å sjå at dei hadde funne plassen og tatt han i bruk, seier Solheim.
På oppdrag frå Universitetet i Agder (UiA) har han følgt opp dei 15 flaggermuskassene på universitetsområda i Kristiansand og Grimstad sidan dei blei sette opp i 2024. Og det skulle raskt vise seg at fleire av kassene hadde fått nye bebuarar sidan førre sjekk.
Ein trua art
Noreg har elleve ulike flaggermusartar. Fleire av dei er sårbare, og flaggermus er freda etter norsk lov.
Som andre stader i Europa går talet på insekt ned også her i landet. Det gjer det vanskelegare for flaggermus å finne mat.
– Flaggermusene treng også trygge stader å kvile i løpet av dagen og gode stader å overvintre. I naturen er det gjerne hole tre som sikrar dette. Slike tre blir det færre av, fortel Solheim.
Flaggermus er dei einaste pattedyra i verda som kan fly aktivt med eigne venger. Dei unngår helst å fly om dagen. Då er dei mest sårbare for rovfuglar og ugler.
I 2024 hjelpte Solheim til med å sette opp flaggermuskasser i skogområda på begge campus, som del av universitetet sitt arbeid for auka biologisk mangfald.
Kassene er like høge som vanlege fuglekasser. Men dei er hole og har gjerne eit smalt hol i front der flaggermusa lett kan smette inn – ei opning som er for liten til at fuglar kjem inn. Utforminga skal gi dei trygge stader å sove og yngle.
– Pattedyr som flaggermus og piggsvin har vi gode sjansar til å gjere noko for rundt våre campusområde. Vi veit dei slit. Med flaggermuskasser, blomsterenger, naturleg vegetasjon og på sikt fleire små vassdammar, kan vi sørgje for at flaggermusene har gode høve til å jakte etter mat og finne trygge gøymestader, seier Solheim.
Frå éi til fjorten dvergflaggermus
Kassene som er valde, fungerer godt som kvileplass for små flaggermusartar. Dvergflaggermus er tidlegare observert rundt områda til universitetet, og det er denne arten som nå har flytta inn i kassene på begge campus.
I fjor fann Solheim éi flaggermus i kassene. Denne hausten fann han fjorten.
– Dette kan ha samanheng med at eg sjekka tidlegare i år enn i fjor. Men eg fann også fleire spor etter flaggermus i kassene denne gongen, seier Solheim.
Solheim er likevel overraska over at ikkje fleire av kassene er i bruk, særleg i Grimstad.
– Å forstå kva som ligg til grunn, er ikkje lett. Det er eit av mange mysterium rundt livet til flaggermusene, seier han.
Kvar drar dei etterpå?
Dvergflaggermusene bruker kassene gjennom sommarhalvåret og mest på ettersommaren. Då er hoene ferdige med yngling, og ungane er ute og flyr.
– Dvergflaggermus får éin unge i året, og dei blir fødde i juni og juli. Etter tre til fire veker er dei flygedyktige. Når hausten kjem, er hoene igjen klare for paring, seier Solheim.
Dvergflaggermusene driv då ei form for flukt-spel. I éi kasse kan det sitte ein hann og fleire hoer. I ein annan sit det kanskje ein einsleg hann eller ein gjeng med berre hoer.
Når nettene blir kaldare, leitar flaggermusene etter stader å overvintre. Frå slutten av oktober og begynninga av november vil kassene stå tomme. Då flyr dei til stader der temperaturen held seg stabil og over frysepunktet.
– Vi har lite kunnskap om nøyaktig kor dvergflaggermus drar om vinteren. Det er ein av grunnane til at denne arten er litt mystisk. Andre artar overvintrar gjerne i hòler eller nedlagde gruver – i Modum gruver ved Blaafarveværket har det til dømes blitt funne nærmare 160 flaggermus, men ingen dvergflaggermus, seier Solheim.
Akkurat når flaggermusene forsvinn, er avhengig av temperaturen. Men sjansen for å møte flaggermus ute i skumringa rundt Halloween er nok liten.
– Sannsynlegvis har mange allereie funne dvalestadene sine. Om det framleis er mildt, kan nokon vere aktive ut i november, seier han.
Utsett for hærverk
Først når temperaturen stig utpå våren, vaknar flaggermusene av dvalen og blir aktive igjen.
Solheim ventar derfor med eventuelle justeringar på kassene til utpå hausten når han veit at dei har reist.
– Tre av kassene i Kristiansand har i år blitt skadde eller er borte. Ei av kassene manglar delar, mens to andre kasser er heilt borte – truleg fjerna av menneske. Det er veldig synd. Løysinga er å henge kassene høgare opp i trea, utanfor rekkevidde, seier Solheim.
Dette kan du gjere sjølv
Det er ikkje berre profesjonelle aktørar som kan gjere ein innsats for bustadnøda til flaggermusene. Har du hage eller eigne skogholt med høge tre, kan du henge opp flaggermuskasser sjølv.
– Det viktige er å henge dei i vestleg retning og utan noko som skuggar for, slik at kassene blir varma opp om kvelden. Flaggermus ser ut til å like dette, seier Solheim.
Sjølv har zoologen hengt opp eigne flaggermuskasser ved eit hus i Danmark. Tidlegare i år fann han om lag 30 dvergflaggermus tett i tett i éi av kassene då han skulle ta ein titt.
Hos Naturvernforbundet finn du gode tips til korleis du lagar eigne kasser.